Sjukehusa avviklar praksis med offentleggjering av pasienttilstand

Frå og med 1. mars vil alle helseføretaka i Helse Vest avvikle praksisen med å gi media opplysningar om helsetilstanden til pasientar som har vore utsett for ulukker eller valdshandlingar.

Publisert 26.02.2019
Sist oppdatert 26.02.2021

​Sjukehusa i Helse Vest publiserer i dag pressemeldingar med tilstanden til pasientar som kjem inn etter ulukker/traume i det offentlege rom. Det blir opplyst om ulukkesstad, type hending, alder og kjønn på skadde. Praksisen for dette er noko ulik i sjukehusa landet over.

Frå og med 1. mars 2019 vil sjukehusa i Helse Vest ikkje stadfeste eller gi opplysingar til media om pasienten er innlagt eller om helsetilstanden. Dette gjeld alle sjukehus og behandlingsstader i Helse Stavanger, Helse Førde, Helse Fonna og Helse Bergen.

Alle pasientar har rett til vern mot spreiing av opplysningar om personlege og helsemessige forhold. Det gjeld også personar som er utsett for ulukker eller valdshandlingar som blir omtalt i media, seier kommunikasjons- og stabssjef Helga Strand Vestbø, og legger til:   Vi har stor forståing for media si rolle og behov for å informere befolkninga i saker av offentleg interesse, men ivaretaking av teieplikt og personvern må gå føre media sitt informasjonsbehov.

Dei regionale personvernomboda påpeikar at opplysningane som i dag blir gitt til media bør handterast som personopplysningar omfatta av personvernforordninga og lovfesta teieplikt.

På ulukkesstaden har politiet ansvar for å gi informasjon til media, som tidlegare. Sjukehusa tar jamleg i mot pasientar i saker der politiet er involvert. I desse sakene er media si interesse ofte stor. Politiet gjer eigne vurderingar av kva informasjon dei kan og ønskjer å dele med media i slike saker. Helsepersonell har teieplikt også overfor politiet, med nokre få unnatak. Politiet får derfor berre opplysningar om pasient frå sjukehuset der det er heimel i lov for å gi slik informasjon.

Informasjon til offentlegheita i beredskapssituasjonar følgjer framleis dei gjeldande beredskapsplanane i føretaka.

Kontaktinformasjon:

Helse Vest: Bente Aae, kommunikasjonsdirektør, tlf.: 415 33 807
Helse Stavanger: Helga Strand Vestbø, kommunikasjons- og stabssjef, tlf.: 990 95 111