Pårørande til personar med demens blir utsett for stor omsorgsbyrde

Doktorgradsstipendiat ved SESAM Toril Terum har publisert sin første artikkel i tidsskriftet International journal of geriatric psychiatry.

Publisert 11.05.2017
Sist oppdatert 07.05.2018

Toril_terum.jpg

Foto: Toril Terum

Det er i dag godt dokumentert at pårørande til personar med demens blir utsett for stor omsorgsbyrde, ofte med negative konsekvensar for dei pårørande sin økonomi, sosiale liv og helse. Forsking viser at nevropsykiatriske symptom ved demens (NPS) er den pasientvariabelen som i størst grad forklarar auka stress blant pårøande.

NPS ved demens omfattar ei rekke psykiatriske symptom og åtferdsforstyrringar. Likevel blir desse symptoma oftast kopla saman, slik at på kva måte einskildsymptom påverkar stress blant pårørande i liten grad er undersøkt. Terum har i artikkelen The relationship of specific items on the Neuropsychiatric Inventory to caregiver burden in dementia: a systematic review sett på samanhengen mellom spesifikke NPS ved demens, og grad av pårørandestress.

Totalt 13 studiar vart inkludert. Storparten av pårørande er kvinner, deriblant flest barn og ektefelle. Funna indikerer at irritabilitet, agitasjon, endra døgnrytme, angst, apati og vrangførestillingar er symptom hos pasienten som pårørande opplever mest belastande. Mangfald i statistiske metodar gjer det imidlertid vanskeleg å trekke sikre konklusjonar.