Nasjonal rapport for spesialisthelsetenesta 2023

Først i verda til å hjelpa førstehjelparane

I over 60 år har folk blitt lært opp til førstehjelp for å redda liv. Men til no har ikkje førstehjelparane fått hjelp til å handtera traumene dei kan bli utsette for. Heilt til eit prosjekt i Stavanger tok tak.

Tekst: Magnus Stokka Foto: Svein Lunde
Publisert 30.05.2024
Sist oppdatert 24.06.2024
En person som står i regnet
No får førstehjelparane hjelp til å handtera potensielle traumer dei kan bli utsette for. Kvart år hamnar tusenvis av nordmenn brått opp i ulike førstehjelpssituasjonar.

– Mange seier det er den verste dagen i livet. Det er folk som ikkje søv på eit halvt år fordi dei trur dei har drepe nokon, seier seniorforskar i RAKOS og overlege i anestesi ved Stavanger universitetssjukehus (SUS), Conrad Bjørshol.

Han har stått i spissen for å utvikla eit prosjekt der førstehjelparar får oppfølging. Dette er ei gruppe han omtalar som gløymde offer i arbeidet med akuttmedisin. Mange slit med sterke opplevingar etter å ha vore i ei førstehjelpshending. Ofte opplever dei å ikkje strekka til eller trur dei har gjort noko feil.

– Dette er folk som kan gå til grunne dersom dei grublar seg i hel. Vår jobb blir å få dei til å forstå at dei gjorde ein ok jobb i ein håplaus situasjon, slik at dei kan legga hendinga og grublinga bak seg.

Truleg først i verda

Sidan oppstarten i november 2020 har om lag 500 førstehjelpararvore vore til oppfølging. Prosjektet er sannsynlegvis det første av sitt slag i verda, og Norge er det første landet som har oppretta eit nasjonalt tilbod om oppfølging av førstehjelparar.

– Den gruppa som oftast tar kontakt er dei som i tillegg til å vera førstehjelpar også er pårørande til pasienten. Desse kan bli endå meir emosjonelt prega av det som har skjedd. Me har hatt samtalar med folk som har drive med gjenoppliving av sine eigne ungar og ikkje fått det til. Det er sjølvsagt ei veldig trist oppleving.

Kvar førstehjelpar får avsett 90 minutt til samtale med tilsette med erfaring frå akuttmedisin. Dei fleste synest det er nok med ein samtale, nokre få tar imot tilbod om fleire.

– Me kan redusera grublinga og gi svar. Veldig mange spørsmål kan me enkelt svara ut som fagpersonar innanfor akuttmedisin, og så må me også vera ærlege dersom me ikkje har svar.

Skuldkjensle og skam

Prosjektet blir drive og er utvikla av RAKOS (Regionalt akuttmedisinsk kompetansesenter i Helse Vest). Dei fysiske samtalane skjer i Stavanger eller på Gjøvik, men førstehjelparar frå heile landet kan bli med gjennom 
Teams-samtalar.

– Dei som tar kontakt med oss er stort sett veldig prega av situasjonen. Mange har spørsmål dei ikkje har fått svar på. Dei har skuldkjensle og enkelte kjenner på skam. Fleire blandar også fakta og kunnskap med illusjonar og fantasiførestillingar. Her kan me som fagfolk hjelpa folk med å sortera tankane sine og fortelja at dei faktisk har gjort den viktigaste biten i å forsøka å redda liv. Det ein førstehjelpar gjer dei første 10 minutta kan bety meir enn det helsevesenet gjer dei første 10 dagane 
etterpå, seier Bjørshol.

– Kva er årsaka til at førstehjelparar 
har blitt ei gløymd gruppe?

– Eg trur helsevesenet ikkje har innsett den påkjenninga det er å stå i ein førstehjelpssituasjon. Dette gjeld anten du er flink og gjer ein god jobb, at du ikkje får til noko eller at du berre klarer å ringa 113. Rolla til førstehjelparane er det viktig at me som helsevesen får folk til å forstå.

En gruppe menn som sitter rundt et bord med kopper og tallerkener
I dette samtalerommet klarer seniorforskar i RAKOS, Conrad Bjørshol, og RAKOS-leiar Thomas Lindner å møte dei fleste utfordringane til førstehjelparane. Ein samtale på 90 minutt er nok for dei aller fleste.

Kan oppleva mange plager

RAKOS har publisert to vitskaplege artiklar og har arrangert eit utal nasjonale og internasjonale foredrag og informasjonsmøte om prosjektet. Den eine viser at 19 prosent av førstehjelparane har symptom som kan sameinast med post-traumatisk 
stressliding.

Ein studie der Bjørshol er medforfattar til viser også at førstehjelparar kan oppleva søvnvanskar, flashbacks, vekttap, angst, konsentrasjonsvanskar og redusert 
arbeidskapasitet. I studien blei 20 personar som hadde utført hjarte og lungeredning intervjua.

Med andre ord er det liten tvil om behovet for prosjektet. Og RAKOS leiar Thomas Lindner er tydeleg på at målet er eit landsdekkande tilbod forankra i prehospitale tenester.

– Dette er eit unikt prosjekt der me verkeleg har sjansen til å hjelpa ei forsømt gruppe. Me håpar at helsevesenet kan tilby same oppfølging i heile landet, både fysisk eller via Teams.

Over 30.000 visittkort om ordninga er delte ut til naudetatane og frivillige organisasjonar i store delar av landet. RAKOS er også i dialog med andre AMK-sentralar med tanke på å utvida tilbodet.

Fakta

Om prosjektet
RAKOS byrja med oppfølging av førstehjelparar i Stavanger i 2020. Prosjektet er finansiert av RAKOS med støtte frå Helse Vest, Helsedirektoratet og Laerdalfondet. Til nå har omlag 500 personar fått oppfølging.

Om fagfeltet
Livreddande førstehjelp er einaste medisinske behandling som det er venta at heile befolkninga lærer seg. Forsking viser at førstehjelparar slit med opplevinga etterpå. Fram til no har det ikkje vore tilbod om oppfølging for førstehjelparar.

Om forskingsgruppa
Oppfølging blir tilbydd hos RAKOS i Stavanger og ved AMK Gjøvik. Resten av landet får oppfølging via Teams frå RAKOS. Det blir jobba med å etablera tilbodet i fleire helseføretak og med å oppretta eit nasjonalt register for oppfølginga.

Referansar
Mathiesen, W. T., Bjørshol, C. A, Braut, E. & Søreide E. (2016). Reactions and coping strategies in lay rescuers who have provided CPR to out-of-hospital cardiac 
arrest victims: a qualitative study. BMJ Open, 6 (5), doi: 10.1136/
bmjopen-2015-010671

Øvstebø, A. M. M., Bjørshol, C. A., Grønlien S., Lund, H., Lindner, T. W. (2023). Symptoms of post-traumatic stress disorder among first aid providers. Resusc Plus 14:100373, doi: 10.1016/j.resplu.2023.100373.

Les meir om RAKOS