Nasjonal rapport for spesialisthelsetenesta 2023

Gjennombrot for forsking på forsømt krefttype

Pasientar som blir råka av kreft i bukspyttkjertelen har svært dålege framtidsutsikter. Men med nye metodar er målet å påvisa sjukdomen tidlegare, noko som igjen kan forlenga livet til pasientane.

Tekst: Magnus Stokka Foto: Svein Lunde
Publisert 30.05.2024
En mann som holder en prøve
Professor og sjefsingeniør ved Stavanger universitetssjukehus (SUS) og Universitetet i Stavanger (UiS), Oddmund Nordgård, har klart å måla kreft-DNA frå blodprøvar. Det kan gi verdifulle svar til pasientar med bukspyttkjertelkreft.

Berre 15 prosent av dei med bukspyttkjertelkreft lever meir enn fem år. I snitt lever pasientar berre eitt år etter at dei har fått diagnosen, og krefttypen blir rekna som den fjerde dødelegaste av alle krefttypar. 

Dette heng saman med at sjukdommen ofte blir oppdaga altfor seint til å kunne kurerast. Sjukdommen har også få og uspesifikke symptom.

Ein oppdagar gjerne ikkje sjukdomen før den har spreidd seg til andre organ eller det har utvikla seg ein stor svulst som ikkje kan behandlast, seier Oddmund Nordgård, professor og sjefsingeniør ved Stavanger universitetssjukehus (SUS) og Universitetet i Stavanger (UiS).

Kan ligga i forkant

Når det ikkje nyttar å operera vekk bukspyttkjertelen fordi kreften har spreidd seg til andre organ, blir det berre gitt lindrande og livsforlengande behandling.

Ved SUS driv professor Nordgård og ei gruppe forskarar eit arbeid der målet er å påvisa sjukdommen tidlegare og å følgja opp behandlinga betre.

Det har skjedd eit gjennombrot i forskinga, og det er gjort funn dei meiner kan forlenga livet til pasientane. Nordgård er prosjektleiar for studien, medan forskingsgruppa er leia av avdelingsoverlege Bjørnar Gilje ved avdeling for blod- og kreftsjukdommar.

Me kan måla kreft-DNA frå blodprøvar. Og det viser seg at dette nivået heng saman med korleis sjukdommen utviklar seg. Når cellegifta verkar, ser me at nivået av kreft-DNA går ned. Men når kreftsvulsten byrjar å veksa igjen fordi behandlinga sviktar, går nivået av kreft-DNA i blodet opp igjen.

Hos nokre pasientar kan dei måla dette ut frå blodprøvane tidlegare enn gjennom røntgendiagnostikk. Med andre ord kan ein ligga litt i forkant hos ein stor del kreftpasientar.

Dette får oss til å tru at me i framtida kan bytta cellegiftbehandling på eit tidlegare tidspunkt. Dette kan forlenga livet til pasientane nokre månader og redusera biverknader og plager. Det er dessverre berre snakk om så kort tid fordi ingen av  behandlingsalternativa er kurative (lækjande).

Banebrytande forsking

Det er ikkje lett å finna kreft-DNA i blodet. Samanlikna med DNA som kjem frå blodcellene, er nivået av kreft-DNA mikroskopisk. Det kan vera så lite som ein promille av alt DNA-et i blodet.

Men ved hjelp av ny teknologi har Nordgård og forskarane klart å finna kreft-DNA-et.

Dette blir rekna som banebrytande fordi det er forska lite på dette frå før.

Det er ein del forskargrupper som har publisert at ein kan måla kreft-DNA i blod før ein startar behandlinga, og sjå ein samanheng mellom nivået og korleis det går med pasienten. Men å måla nivået av kreft hos pasientane over tid, som me har gjort, er det gjort ganske lite på frå før.

Kvifor det?

Truleg fordi det er veldig ressurskrevjande å samla inn månadlege blodprøvar. Derfor er det unikt det me har funne, og me har alt nå blitt sitert i fleire vitskaplege artiklar internasjonalt.

Råkar eitt tusen personar i året

Historisk har bukspyttkjertelkreft fått mindre fokus enn andre kreftformer som for eksempel brystkreft. Nordgård trur dette kan ha samanheng med at langt færre blir råka av bukspyttkjertelkreft samanlikna med dei store kreftgruppene.

Det har skjedd eit gjennombrot i forskinga, og det er gjort funn dei meiner kan forlenga livet til pasientane.


Kvart år får omlag eitt tusen personar bukspyttkjertelkreft i Norge, ifølge tal frå Kreftregisteret. Til samanlikning råkar brystkreft fleire enn 3500 kvinner i Norge kvart år. Det verkeleg store framsteget for bukspyttkjertelkreften vil vera om ein klarer å påvisa sjukdommen tidlegare. Dette vil gjera at ein kan operera pasientar på tidlegare stadium og med det auka sjansane for å overleva.

Dette er noko av det Nordgård og forskarane skal undersøka i eit nytt prosjekt som har fått støtte frå Kreftforeininga.

Fakta

Om prosjektet

Forskingsprosjektet «Klinisk betydning av genforandringer påvist i sirkulerende tumorceller og sirkulerende nukleinsyrer fra pasienter med kreft i bukspyttkjertelen» vart starta i 2015, men omfattar pasientprøver som blir samla inn i ei eldre, tilknytta studie kalla «PACT-ACT» (PAncreas Cancer Treatment And Circulating Tumor markers). Prosjektet er støtta økonomisk av Helse Vest, Folke Hermansen-fondet og Kreftforeininga.

Om fagfeltet

Sirkulerande tumor DNA (her kalla kreft-DNA i blod) er bitar av DNA frå kreftceller som døyr, som endar opp i blodstraumen. Måling av kreft-DNA i blod ser ut til å hengja saman med framveksten av fleire krefttypar og har allereie funne nokre bruksområde i den vanlege sjukehusdrifta. For kreft i bukspyttkjertelen trengst det framleis meir forsking før ein kan bruka målingar av kreft-DNA i blod til å styra behandling.

Om forskingsgruppa

Forskningsgruppe for Kreft og Medisinsk fysikk er ei tverrfagleg forskingsgruppe ved avdeling for blod og kreftsjukdommar, Stavanger universitetssjukehus. Leiar av forskingsgruppa er avdelingsoverlege Bjørnar Gilje. Forskingsgruppa driv forsking innanfor fleire kreftformer og omfattar både kliniske utprøvingar og translasjonelle forskingsprosjekt, lik det som er nemnd her. Gruppa har mange samarbeidspartnarar og er ein del av Kreftforeininga si nasjonale ekspertgruppe for 
bukspyttkjertelkreftforskning (KNEP).


Publikasjoner

Lapin, M., Edland, K. H., Tjensvoll, K., Oltedal, S., Austdal, M., Garresori, H., Rozenholc, Y., Gilje, B., & Nordgård, O. (2023). Comprehensive ctDNA measurements improve prediction of clinical outcomes and enable dynamic tracking of disease progression in advanced pancreatic cancer. Clinical Cancer 
Research, CCR-22-3526.

Edland, K. H., Tjensvoll, K., Oltedal, S., Dalen, I., Lapin, M., Garresori, H., Glenjen, N., Gilje, B., & Nordgård, O. (2023). Monitoring of circulating tumour DNA in advanced pancreatic ductal adenocarcinoma predicts clinical outcome and reveals disease progression earlier than radiological imaging. Molecular Oncology, 17(9), 1857–1870.

Les meir om forskingsgruppa for kreft og medisinsk fysikk