Auka behov og mangel på menneskelege og økonomiske ressursar gjer det naudsynt å ta i bruk ny teknologi som kunstig intelligens (KI) for å utvikle ei effektiv, bærekraftige helseteneste. Nasjonal helse- og sykehusplan (2020-2023) seier at kunstig intelligens kan bidra til «raskare og meir presis diagnostisering, betre behandling og meir effektiv ressursbruk» (s6).
Det er ei naturleg skepsis til å nytte KI i helsesektoren, og kanskje særleg innan mental helse. Psykiske helseutøvarar er tradisjonelt sett meir pasientsentrert i sin kliniske praksis enn dei fleste «ikkje-psykiatriske» utøvarane, og stoler meir på dei «mjuke» ferdigheitene, inkludert å danne relasjonar med pasienten og direkte observere pasientens åtferd og kjensler. Psykiske helsedata kommer ofte i form av subjektive og kvalitative pasienterklæringar og skriftlege notatar. Men maskinlæring er godt eigna til å lese gjennom og syntetisere både strukturerte og ustrukturerte data. Slike data kan nyttast i dagens teknologi for å få ein kontinuerleg, langsiktig overvaking av dei unike individuelle biopsykososiale profilane som påverkar psykisk helse. Men viktigast er det at bruk av KI gjer det mogeleg for profesjonsutøvarar i psykisk helsevern å fokusere på menneskelege aspekt ved medisin som berre er mogleg gjennom klinikar – og pasientforholdet.
Tilgang på store mengder helsedata er ei føresetnad for å trene opp og konfigurere algoritmar. For å lukkast krevjast det kunnskap om korleis ein kan nytte helsedata og samtidig ivareta nasjonale etiske prinsipp for kunstig intelligens, slik som respekt for personvernet og digital sikkerheit. Å nytte syntetiske data kan vere ei løysing for å imøtekomme denne oppmodinga. Det er fiktive men reelle data som betraktast som eit trygt alternativ til personidentifiserbare data eller anonyme data.
I 2021 ble det derfor utarbeidet et prosjektkandiat for å bygge kunnskap om hvordan syntetiske data kan støtte trygg bruk av maskinlæring og kunstig intelligens innen psykisk helsevern for barn og unge. Prosjektet har fått innovasjonsmidler fra Helse Vest, og startet våren 2022.
Sentrale samarbeidspartnarar er Helse Vest IKT, NTNU, Vivit AS (Konsulentselskap, spesialist på KI og kliniske data) og Regionalt kunnskapssenter for barn og unge - psykisk helse og barnevern (RKBU Midt-Norge).