Stener Kvinnsland tilbake som styreleiar
Frå onsdag 1. februar er Stener Kvinnsland tilbake på plass som styreleiar i Helse Stavanger.
Elisabeth Huse, Helse Vest RHF. Foto: Eivind Senneset, Helse Bergen
Publisert 01.02.2017
Sist oppdatert 21.02.2017
Kvinnsland valde å trekkje seg på grunn av sjukdom i oktober 2016.
– Eg er motivert for å ta fatt igjen og ser fram til å leie styret i Helse Stavanger framover. Det skjer mykje spennande i føretaket og eg er glad for å få ta del i det, seier Stener Kvinnsland.
Også administrerande direktør i Helse Vest, eigarføretaket til Helse Stavanger, er fornøgd.
– Det er ei stor glede å ha Stener tilbake som styreleiar. Med hans kunnskap, kompetanse og erfaring, har han dei beste føresetnader for å leie styret i føretaket vidare, seier Herlof Nilssen.