Ny, felles regional rapport klar:

Slik utviklar vi fødselsomsorga for framtida

Betre oppgåvedeling, tettare samarbeid, fleksible vaktordningar og heile, faste stillingar. Det er nokre av tiltaka som blir foreslåtte i ein ny, felles regional rapport; “Berekraftig utvikling for fødekapasitet på Vestlandet”.

Publisert 04.03.2024
Et nærbilde av hender som holder en babys føtter

Foto: Colourbox

Rapporten peikar på korleis vi kan sikre god fødselsomsorg på sjukehusa i vest.

– Viss vi held fram med å løyse oppgåvene ved føde- og barseleiningane på same måte som i dag, er det høg risiko for at vi ikkje vil klare å dekkje det framtidige behovet innan fødselsomsorga i framtida. Det er viktig at alle aktørar tek innover seg at det vil krevje nye tiltak, og at vi saman no må setje inn tiltak som kan gi varig effekt, seier Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi (MOT) i Helse Vest RHF, som har leidd arbeidet med rapporten.  

Behalde, utvikle, utdanne og rekruttere  

Å behalde, utvikle og rekruttere kvalifiserte medarbeidarar til føde- og barseleiningar blir heilt avgjerande. Kommunane har bygd opp jordmorkapasiteten over fleire år, og i stor grad rekruttert jordmødrer frå sjukehusa.    

– Kommunane har levert på det som var forventningane til dei, så dette er ikkje kritikk. Men både spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta vil stå overfor dei same utfordringane framover, og då må vi finne løysingane saman, seier Christiansen.

– Eg vil understreke at fødetilbodet i regionen vår har høg kvalitet. Gravide og fødande skal vere trygge på at det held fram med å vere slik framover også – samtidig som medarbeidarane våre har ein arbeidskvardag som gir meistring og tryggleik. Nettopp derfor er det viktig at vi tek tak i dette no, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.  

Diagram, liggende stolpediagram
Gitt dagens nivå, utan at vi set i gang tiltak, visar rapporten at vi ikkje vil ha nok tilgjengeleg kompetanse i fødsels- og barselomsorga i 2040. Difor er det viktig å jobbe med dei ulike tiltaka framover.

Dette er tiltaka  

Her er tiltaka som blir tilrådde i rapporten:  

  • Endå betre oppgåvedeling og tett samarbeid mellom yrkesgruppene   
  • Prioritere heile, faste stillingar   
  • Fleksible vaktordningar og arbeidsplanar   
  • Utnytte eksisterande digitale system og vidareutvikle IKT-løysingar   
  • Utdanning som dekkjer behovet i tenesta   
  • Sikre god opplæring og kontinuerleg kompetanseutvikling   
  • Tillit til fødetilbodet og god kommunikasjon  

No skal helseføretaka jobbe vidare med tiltaka. Mellom anna er det viktig å finne berekraftige løysingar for den samla jordmorkapasiteten med kommunane. Kommunane vil, som det er peika på i rapporten, også merke at dei må ha god kontinuitetsplanlegging for framtida.    

– For å nå målet, må vi også samarbeide meir med kommunane. Eg trur vi kan klare dette, saman. Målet er eit trygt og godt fødetilbod på Vestlandet, avsluttar Christiansen.  

En kvinne som smiler til kameraet
Hilde Christiansen er direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi (MOT) i Helse Vest RHF, og har leidd arbeidet med rapporten "Berekraftig utvikling for fødekapasitet på Vestlandet".