Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Disputas: Blodstraumen til fosterbinyrene – ny metode for å overvaka barn i mors liv?

Øystein Bergøy disputerer fredag 30. oktober 2026 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga "Doppler Assessment of the Fetal Adrenal Arteries".

Publisert 22.10.2026
Portrett av en mann.

Intrauterin veksthemming, der fosteret ikkje veks som det skal fordi morkaka ikkje klarer å forsyna det med nok næring og oksygen, er ei av dei viktigaste årsakene til dødfødslar og sjukdom i nyfødtperioden. Einaste behandling i dag er å forløysa barnet før mangelen på næring og oksygen gjev varig skade. Det kan vera vanskeleg å skilja friske, små foster frå dei som er veksthemma, og å avgjera når barnet bør forløysast.

Når morkaka sviktar, omfordeler fosteret blodstraumen slik at viktige organ som hjernen og hjartet får meir blod, medan mindre viktige organ får mindre. Binyrene er viktige hormonproduserande organ i fosterlivet både for utviklinga av fosteret, oppretthalding av eit normalt svangerskap og for fødselsprosessen. Dyrestudiar finn at binyrene er organet som får den største auken i blodstraum ved denne omfordelinga. Kan måling av blodtilførselen til fosterbinyrene derfor vera ein ny metode å diagnostisera og handtera veksthemma foster?

Blodkara til binyrene er svært små og varierer mykje i tal og forløp frå foster til foster. Det har difor mangla ein påliteleg metode for å undersøkja dei.

I avhandlinga har ein utvikla og skildra ein systematisk metode for å finna og måla blodstraumen i binyrearteriane med Doppler-ultralyd. Den nedre binyrearterien viste seg å vera best eigna for slike målingar. Ein har vidare funne kva som er forventa funn ved denne undersøkingsmetoden hjå friske gravide utan veksthemma foster. Til slutt har ein kombinert målingane frå binyrearterien med målingar frå navlesnoren og hjernen i tre nye forholdstal, som kan gje eit meir samla bilete av korleis fosteret fordeler blodstraumen mellom morkaka, hjernen og binyrene.

Arbeidet i denne avhandlinga gjer det mogleg å undersøkja blodstraumen til binyrene hos foster på ein påliteleg måte. Me meiner metoden bør prøvast ut i kliniske studiar av svangerskap med morkakesvikt for å evaluera om den kan betra diagnostikk, overvaking og val av tidspunkt for forløysing.

 

Om kandidaten

Øystein Bergøy vaks opp som odelsgut på Finnøy i Rogaland. Han avla medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 2012. Han arbeidde ved Sørlandet sjukehus Kristiansand i perioden 2013–2014. Han har arbeidd sidan 2015 som lege i spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar, først ved Sørlandet Sjukehus Kristiansand (2015- 2017) og sidan ved Stavanger Universitetssjukehus (f.o.m 2018). Forskingsarbeidet utgår frå Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen, og forskingsgruppa ved Kvinneklinikken, Stavanger universitetssjukehus. Arbeidet er i hovudsak finansiert av Stavanger universitetssjukehus, med tilleggsstøtte frå Landsforeiningen uventet barnedød (LUB).

Kontakt
Øystein Bergøy
E-post: oystein.bergoy@sus.no  

 

Tidspunkt og sted for prøveforelesning

30.10.2026 kl. 09.15

Oppgitt emne:
" Promises and pitfalls of AI in fetal medicine - will the specialist be replaced?"
Sted: Aula, C-bygget 1. etasje, SUS Ullandhaug

Prøveforelesningen kan i tillegg strømmes her

 

Tidspunkt og sted for disputas

30.10.2026 kl. 1100

Tittel på avhandlingen:
" Doppler Assessment of the Fetal Adrenal Arteries"

Sted: Aula, C-bygget 1. etasje, SUS Ullandhaug

Disputasen kan i tillegg strømmes her

 

Bedømmelseskomité

Førsteopponent: Professor Giancarlo Mari, Baylor College of Medicine, USA
Andreopponent: Ph.d. Inga Vengen, Oslo universitets sjukehus
Komiteleder: Førsteamanuensis Jostein Førsvoll, Universitetet i Bergen og SUS

Veiledere

Hovedveileder: Førsteamanuensis Ragnar Kvie Sande
Biveiledere: Professor emeritus Torvid Kiserud og førsteamanuensis Ingvild Dalen

Leder av disputasen

Disputasen blir ledet av professor emeritus Tor Ketil Larsen.

 

Både disputas og prøveforelesning er åpne for alle interesserte.