3 av 4 byggekontraktar til lokale entreprenørar
Størsteparten av byggekontraktane til Nye SUS har gått til lokale entreprenørar. Det er gull verdt for Lilleland AS på Klepp som leverer branntetting til det nye sjukehuset på Ullandhaug.
Ved Nye Stavanger universitetssjukehus (SUS) har byggherren Helse Stavanger bevisst vald ein kontraktsstrategi med mange entreprisar. Dette for at lokalt og regionalt næringsliv skulle vera i posisjon til å delta i konkurransen.
Strategien med byggherrestyrte, delte entreprisar følgjer også eksempelvis Helse Sør-Øst for dei store byggeprosjekta Nye Aker og Nye Rikshospitalet.
Nå er alle dei om lag 120 byggekontraktane inngått, og ei fersk oppteljing viser at 3 av 4 kontraktar har gått til lokale entreprenørar i landets til nå største byggeprosjekt.
Maks 600 millionar
Det har vore ei klar målsetjing for Helse Stavanger at når me investerer så store offentlege midlar i eit nytt bygg, skal dette også bidra til regional verdiskaping.
– Effekten av dette er at arbeidarane seier dei bygger «mitt sjukehus». Arbeidsfolket får eit eigarskap til prosjektet. I tillegg er dette eit heildigitalt byggeprosjekt, noko som har gitt eit digitalt løft til mange lokale bedrifter, seier Kari Gro Johanson, prosjektdirektør for sjukehusbygginga.
Ein av hovudgrunnane til at Helse Stavanger har lukkast med sin lokale strategi er å lysa ut kontraktar på maks 600 millionar kroner. Med fleire og mindre kontraktar unngår ein at dei store nasjonale aktørane stikk av med alt arbeidet.
– Det var tidlegare administrerande direktør ved SUS, Inger Cathrine Bryne, som i 2014 var veldig opptatt av at lokale entreprenørar kunne koma på tilbydarlista. Dette på grunn av olje- og gassnedturen på denne tida, forklarer Johanson.
Tryggjar arbeidsplasser
I dag er det byggenæringa som opplever krise og nedgangstider. Talet på konkursar auka med 30 prosent i fjor, ifølge tal frå Byggenæringens Landsforening. Og firma som sende ut permitteringsvarsel auka i fjor med 400 prosent samanlikna med året før.
Derfor er Nye SUS, kor om lag 500 arbeidsfolk for tida jobbar med å bygga nytt sjukehus, eit svært etterlengta prosjekt for lokale entreprenørar som selskapet Lilleland AS på Klepp.
Dei utfører lyd- og branntetting av røyr-, kanal- og kabelgjennomføringar i veggar og dekker på Nye SUS.
Avtalen har i utgangspunktet ein verdi på 18,5 millionar kroner inkludert mva, og held i snitt 10 personar i arbeid i om lag tre år. Det utgjer nesten halvparten av arbeidsstokken på 22 personar.
– Kontrakten på SUS tryggjar arbeidsplassane våre og me får vist kva me kan. Me er ein liten aktør, men opplever å bli tatt på alvor i byggeprosessen. Det er veldig positivt, seier fagleg leiar i Lilleland AS, Karl Magnor Lilleland.
Må legga seg i selen
Noko av det viktigaste med SUS-jobben er at Lilleland får utvikla seg som bedrift, ifølge Karl Magnor Lilleland.
– Nye SUS er ein moderne byggeplass der den digitale og faglege standarden er høg. Det har gjort at me har vore nøydde for å legga oss i selen for å utvikla oss og bli betre.
Lilleland trur nettopp den digitale samhandlinga mellom dei ulike entreprenørane er noko som vil styrka det lokale fagmiljøet framover.
– Dette er den nye måten å bygga på og det er veldig spanande. Og nå meiner me at me har god erfaring til å bli med på byggetrinn to.
Vil løfta HMS-standarden
Prosjektdirektør for Nye SUS, Kari Gro Johanson og HMS-direktør Kirsti Gerdhardsen, er også svært opptekne av å løfta HMS-standarden i byggebransjen.
Begge har bakgrunn frå oljebransjen som er kjent for sitt grundige og strenge HMS-arbeid.
– Derfor innførte me mellom anna krav om vernebriller og arbeidshanskar på byggeplassen. Nokre synest me er for strenge. Men dersom du ikkje har HMS i hjarta ditt, nyttar det ikkje, seier Johanson.