Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Psykiater Jeswanthiny

Jeswanthiny er psykiater, overlege ved psykiatrisk akuttmottak amc2 og ble nylig også forfatter via boken “Aldri god nok”.

En kvinne i hvit frakk

Eg jobbar som overlege på psykiatrisk akuttmottak amc2. I tillegg til dette, er eg svært samfunnsengasjert, og har skrivet ein del innlegg på diverse plattformer. Eg har nyleg debutert med ei bok, saman med Samlaget bokforlag. "Aldri god nok". Men den viktigaste rolla mi, er å vere mor til mine to små.

Eg ville opprinnleg bli psykolog. Dette var kulturelt uhøyrt i barndomsheimen min. Eg studerte derav medisin, men kjende meg ikkje att i lege yrket. Heldigvis, har vi psykiatri! Det var ganske naturleg for meg å gå den vegen. Eg synst det er spennande å jobbe med menneske. Vi har ikkje eit standard fasit svar i psykiatrien. Dette er kjekt!

Eg er stolt av å ha valgt dette yrket, særskilt i mot mine kulturelle forventningar. Ja, så er eg så stolt av å jobbe på dette sjukehuset, som har teke meg i mot og bidratt med å støtte mykje av det eg har stått for; både i arbeidet eg gjer som psykiater, men også som ein som likar å skrive. Stoltheita med å vere ein psykiater på SUS, og særskilt på amc2, er ubeskriveleg! 

 

En person som sitter ved et skrivebord med en bærbar datamaskin og en telefon

 

Det norske samlaget tok kontakt med meg, etter å ha lest kronikken eg skreiv i nrk "Du kan alltid bli betre". Eg hadde absolutt ikkje forventa dette, så dette var verkeleg ein draum i realisering! Eg bestemte meg for å skrive om akkurat dette tema, da eg alt har vore open om dette tidlegare. Eg synst det er viktig å snakke om sårbare og vanskelege tema, som mange kan kjenne på, men som kanskje er vanskeleg å snakke om. Det er mykje press ein andregenerasjonsinnvandrar kan kjenne på. Både frå samfunnet og i heimen. Men det er uhøyrt å snakke høgt om dette.  

Eg har vore svært ambivalent rundt tematikken i denne boka. Dette hovudsakleg grunna yrket mitt. Kor mykje kan eg dele? Men eg har valt å vere open om svært mykje, i håp om at det er fleire som vil kjenne seg att i historia mi. Eg tenkjer det er ein universal tematikk, særskilt for dei som kan kjenne seg att i begrepet "flink pike". 

 

En gruppe mennesker i hvite laboratoriefrakker som står i en gang

 

Målet mitt er at flest mogleg folk skal forstå den usynlege sida av korleis mental helse kan påverke eit individ. Tilfeller der alt tilsynelatande har gått fint. Eg håpar den vil opne opp for diskusjonar. Diskusjonar som har vore tabu belagte. "Vi er takksame, og vi har det godt. Men det tyder ikkje på at våre vanskar er mindre verdt." 

Det var mykje som gjekk opp for meg etter at eg vart mor. Fleire brikker som begynte å falle på plass. Min psykiaterbakgrunn, hjalp meg å sjå heile biletet meir bevisst. Dette både på godt og vondt. Eg ser fort reaksjonar i meg sjølv ved visse triggerar frå fortida i notida. Eg er svært bevisst på korleis eg trør rundt mine relasjonar, særskilt barna mine. Somme gongar, lurer eg på om det kan bli for mykje av "bevisst rundt det å alltid gjere det rette".

Sist oppdatert 21.07.2025