Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Nyttig med fag- og strategidag innan eldremedisin, Helse Førde!

SESAM, ved lokal ressursperson i Helse Førde, arrangerte fag-og strategidag ved Førde sentralsjukehus 18. november 2016.

Hildur Thingnes
Publisert 14.12.2016
Sist oppdatert 07.05.2018

Dagen starta med førelesing på allmøte der geriater Paal Naalsund snakka om utgreiing av demens i spesialisthelsetenesta. Godt oppmøte frå ulike avdelingar, ikkje minst frå legegruppa, tydde på at temaet var interessant.

Nyhetssak_førde.jpg

Paal Naalsund
Foto: Kristin Aas Nordin

Etter allmøtet heldt programmet fram med påmelde deltakarar frå fag- og utviklingsavdelinga, medisinsk, ortopedisk og nevrologisk avdeling, frå intensivavdelinga, psykisk helsevern, Høgskulen i Sogn og Fjordane og SESAM. Strategiarbeidet kring «Pasientens helseteneste Helse Førde 2030» var i fokus, der tenesta til skrøpelege eldre,- utvikling av dag- og døgntilboda, samarbeidsmodellar mellom somatikk og psykiatri, tverrfagleg samarbeid, samhandling, koordinering og arealutfordringar, vart drøfta.   


Ei engasjert forsamling støtta tanken om meir tverrfagleg samarbeid og samarbeid på tvers av dagens avdelingar, men hadde likevel klare råd om ikkje slå saman alt innan somatikk og psykiatri til ein felles post for multisjuke eldre. Det vart poengtert behovet for skjerma sengar til akutt alderspsykiatri og at ein framleis burde tenkje oppbygging av geriatriske sengar forankra i indremedisin, evt. supplert av ortogeriastriske sengar i ortopedisk post. Innan poliklinisk verksemd, vart det sett på som meir fornuftig å samlokalisere tenestene.


Konsekvensar av Demensplan 2020 var også i fokus, men viktigast var det å synleggjere kva som skjer i dei eldremedisinske poliklinikkane på Eid og i Førde og i det alderspsykiatriske teamet i Sogndal.  Mykje godt har skjedd dei siste åra!


Status for fagnettverket innan eldremedisin/eldreomsorg synte god aktivitet, men at det er potensiale til å få med fleire ressurspersonar som kan forplikte seg på deltaking.


Pågåande forskingsarbeid i Sogn og Fjordane og heile regionen vart også synleggjort, og det vart reklamert for SESAM-konferansen 2017.


Dagen vart opplevd nyttig både fagleg og strategisk. Viktig å kome i lag for fagleg påfyll, synleggjering av tenesta og å kunne sjå seg sjølv som pådrivar i framtidig utforming av helsetenesta til sårbare eldre.