Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Digital eigenregistrering i Checkware

Checkware er ei løysing for digitale skjema til deg som pasient. Her kan du sjølv registrere opplysningar som sjukehuset treng før, under eller etter eit behandlingsforløp.

Dersom du har brukt systemet før, kan du logge deg på direkte med lenka under. For deg som brukar systemet for første gong: Les gjerne informasjonen nedanfor før du loggar deg på.

Viktig informasjon

Du skal ikkje bruke digital eigenrapportering dersom du har behov for øyeblikkeleg hjelp. Programmet som blir nytta til digital egenrapportering har ingen døgnkontinuerleg vaktfunksjon, og kan derfor ikkje brukast ved behov for øyeblikkeleg hjelp.

Ved behov for øyeblikkeleg hjelp:Ta kontakt med fastlege eller legevakt.​​

Har du andre spørsmål, kontakt behandlaren din.

CheckWare er eit digitalt ​kartleggingsverkt øy. Det betyr at ​testar, skjema og utgreiingsverktøy er digitale. Det er helsepersonell som sender ut desse skjemaa basert på kva behandlingstilbod du skal få.

Det er kjapt og enkelt, og ein særleg fordel for deg som har lang og utfordrande reiseveg, store helseplager eller behov for tett/hyppig oppfølging/kontrollar. 

Digital innsamling og oppfølging av informasjon forenklar også kvardagen for behandlarane våre, slik at dei kan bruke meir tid til pasientbehandling og mindre tid til administrativt arbeid.

  • Du vil få ein SMS med link til innlogging. Under "Innlogging for pasientar eller pårørande" så klikkar du på ID-porten. Der får du valet om å logge inn med BankID, Buypass eller Commfides.
  • Er du usikker på kva ID-porten er? Du finn Hjelp og rettleiing til ID-porten her.
  • Når du har logga inn, finn du meir informasjon om kva avdeling som har sendt ut skjemaet og kva skjema(er) vi ønskjer at du skal svare på. 
  • Du kan bruke mobiltelefon, nettbrett eller PC.
  • Om du har fått melding om å svare på eit skjema på vegner av eit barn, skal du logge inn med BankID.
  • Etter du har logga inn kjem du direkte til skjemaet du skal fylle ut.
  • Svara dine blir lagra på ein sikker måte undervegs. Om du må ta ein pause før du er ferdig, så svara lagra.
  • Når du er ferdig å fylle ut skjemaet, trykk "ferdig" og stadfest at skjemaet skal sendast. Treng du å fylle ut fleire skjema vil dei opne seg så snart du har sendt det første.
  • Det er ikkje mogleg å endre svara dine etter skjemaet er sendt inn.
  • Hugs å logge av CheckWare etter bruk. Du blir automatisk logga av etter 30 minutt om du tek lang pause. Av omsyn til personvernet ditt bør du ikkje bruke offentleg PC (på bibliotek eller internett-kafé) for å logge deg på og svare på skjema.

Svara blir berre lesne av behandlarar. Alt du deler med oss gjennom digitale skjema er underlagd teieplikt.​

Reglar om teieplikt og behandling av informasjon gjeld ved digital oppfølging på same måte som ved fysisk frammøte, i tråd med helsepersonellova, pasientjournallova og pasientrettslova.

Ja, Checkware er ei trygg løysing som blir brukt av fleire sjukehus.

  1. Alle pasientdata blir lagra på ein sikker og lovleg måte. 
  2. Alle opplysningar du registrerer digitalt vil berre lesast av behandlarene dine. 
  3. Reglar om teieplikt og behandling av informasjon gjeld ved digital oppfølging på same måte som ved fysisk frammøte, i tråd med helsepersonellova, pasientjournallova og pasientrettslova. 
  4. Relevante og nødvendige helseopplysningar kan som hovudregel givast til helsepersonell som samarbeider om å gi helsehjelp dersom det må til for å gi forsvarleg helsehjelp, med mindre du motset deg dette. 
  5. Opplysningane du gir digitalt blir dokumentert på vanleg måte i journalen din. Journaldokumenta blir ikkje viste på Helsenoreg.

På våre poliklinikkar og på sjukehus brukar helsepersonell elektronisk kartleggingsskjema til å utgreie og følge opp barn og ungdommar. 

Som lærar, barnehagetilsett eller føresett kan du derfor bli spurd om å bidra med opplysingar. Dette gjer du gjennom eit elektronisk skjema som du kan fylle ut på  mobil, nettbrett eller PC. 

For å sikre at alle pasientopplysingar blir behandla på ein trygg måte vil du bli beden om å oppgi fødselsnummeret ditt (11 siffer) slik at vi kan opprette deg som brukar og du kan logge deg inn i systemet vårt med Bank-ID. På denne måten sikrar vi at du er den rette personen til å svare på skjemaet.

Sist oppdatert 08.06.2026