
Når vi greier deg ut for øyresus er det vanleg at du må ta ein høyreprøve og du blir undersøkt av lege.
For mange tilstandar treng du berre éin konsultasjon på sjukehuset, der vi gjer ferdig utgreiinga og går gjennom aktuell behandling.
Mange blir tilviste frå øyre-nase-hals-spesialist utanfor sjukehuset. Desse pasientane har allereie teke høyreprøve og vore til undersøking hos spesialist, og treng ikkje ta ny høyreprøve.
Unntaksvis blir også MR-undersøking av hovudet bestilt. Denne undersøkinga blir gjord når øyresus (tinnitus) og/eller høyrselstapet er einsidig, eller ved tinnitus som er konstant til stades og varierer i takt med pulsslag.