Høgdosebehandling med perifer stamcellestøtte
Forbehandling (fase 1)
Denne behandlinga inneheld tre–fire cellegiftbehandlingar gitt kvar tredje veke. For pasientar med beinmergskreft er det vanleg at lokalsjukehuset tar ansvar for denne fasen.
Pasientar med lymfekreft og andre kreftsjukdommar der HMAS er nyttig, vil få forbehandlinga ved kreftavdelinga. Desse pasientane får andre typar cellegiftkurar.
Haustekur (fase 2)
For pasientar med beinmergskreft vil denne kuren gå over éin dag. Du vil då vere innlagt på sengeposten.
For pasientar med lymfekreft vil kuren ofte gå over fem dagar.
Vi gir deg mykje væske intravenøst i tillegg til sjølve cellegiftdosen, slik at dei store mengdene med cellegift effektivt kan bli skilt ut av kroppen.
Vi observerer blodtrykk, puls og vekt under kuren.
Frå fire dagar etter haustekuren må det bli sett daglege injeksjonar med Tevagrastim. Dette stimulerer beinmergen til storproduksjon av stamceller. Desse blir slept ut i blodet, slik at vi kan hauste dei derfrå.
Sprøytene skal bli sett dagleg til haustinga er avslutta. Ofte kan du eller nokon av dine pårørande lære å sette desse sprøytene sjølv, slik at du kan vere heime før sjølve haustinga.
Stamcellehausting (leukaferese)
Etter om lag åtte–ti dagar må du møte for blodprøvetaking. Resultatet av denne avgjer når det blir hausting.
Under hausting er du tilkopla ein maskin som skil stamcellene frå blodet. Haustinga varer om lag tre timar.
Det krevst ei viss mengde stamceller for at vi kan gi deg høgdosekur i neste omgang. Derfor kan det hende at ein må gjere haustinga på nytt for å få tilstrekkeleg mengde. Stamcellene vil vere frose ned fram til du treng dei.
Når du er ferdig med haustinga, får du to–fire veker heime før du kjem inn til høgdosekur og tilbakesetting av stamceller.
Høgdosebehandling (fase 3)
Denne behandlinga varer frå ein–fem dagar alt etter kva sjukdom du har. For beinmergskreftpasientar vil den vare berre éin dag. Denne behandlinga krev også stort urinvolum, så vi gir deg mykje væske. Blodtrykk, puls og vekt vil bli nøye observert under heile kuren.
Tilbakesetting av stamceller:
Stamcellene blir ført tilbake til kroppen din to dagar etter at høgdosekuren er avslutta. Denne dagen liknar dei tidlegare kurdagane, med mykje tilførsel av væske som skal bli gitt før og etter tilbakesettinga. Stamcellene blir gitt som ein intravenøs infusjon.
Du kan oppleve reaksjonar på frysevæska som stamcellene har vore frose ned i, som blant anna allergiske reaksjonar og kvalme. Derfor vil du få førebyggande medikament før sjølve tilbakesettinga. Du vil også vere tilkopla eit hjarteovervakingssystem.