Ei grundig utgreiing er nødvendig for å undersøke om cochleaimplantasjon (CI) er noko som kan gi betre høyrsel og moglegheiter for talekommunikasjon for kvar enkelt.
Ein undersøker eventuelle årsaker for høyrselshemminga og om forholda i sjølve øret ligg til rette for å legge inn eit implantat.
Det er viktig å kartlegge når nedsettinga av høyrselen starta og korleis høyreprøvene har vore tidlegare, i tillegg er det viktig å vite om det er nytta høyreapparat og på kva side det er brukt.
I tillegg må behandlarar og pasienten saman finne ut av behova og føresetnadene til den enkelte for å bruke apparatet. Dette er avhengig av både medisinske og sosiale forhold.