Du skal faste frå midnatt dagen før operasjonen. Det vil seie at du ikkje skal ete eller drikke. Du skal heller ikkje røyke eller bruke snus, tygge tyggegummi eller ete sukkertøy. Du kan drikke litt (nokon munnar) vatn til medisinar.
Vanlegvis skal du ta dei faste medisinane dine på morgonen. Om du bruker blodfortynnande medisinar som Marevan® (Warfarin), Pradaxa® (Dabigatraneteksilat), Xarelto® (Rivaroksaban), Lixiana® (Edoksaban) eller Eliquis® (Apiksaban) gjeld eigne retningslinjer. Du vil få beskjed om kva medisinar du skal ta.
Du må dusje før operasjonen, kvelden før eller om morgonen. Ved behov vil brystkassa bli barbert. Du skal ha på deg reint tøy. Sminke, naglelakk, smykke og klokke må du ta av.
Det blir lagt inn ein venekanyle på armen slik at du kan få medikament og væske direkte i blodåra under operasjonen.