Førebuinga til regionalbedøvinga er som for annan type kirurgi. Somme gonger er det ikkje mogleg å oppnå tilfredsstillande verknad av regionalbedøving, derfor har ein alltid som ein reserveplan å gi generell narkose.
Perifere nerveblokader (lokalbedøvelse)
Lokalanestesi (lokalbedøvelse, regionalbedøvelse) benyttes ofte i forbindelse med kirurgiske inngrep og prosedyrer. Lokalbedøvelsesmiddel virker ved å hindre at nervesignaler fra et smertefullt område i kroppen når sentralnervesystemet. Man kan sette lokalbedøvelse i det området man skal operere, men noen ganger er ikke dette den beste løsningen. Da kan man sette bedøvelsesmiddelet inntil de store nervebanene som fører smertesignaler fra operasjonsstedet, slik at man bedøver for eksempel en hel arm. Regionalbedøvelse gis som oftest av anestesileger før inngrepet.
Før
Under
Anestesilegen vil undersøkje staden som skal bedøvast. Det vil bli målt blodtrykk, og du vil få eit tynt plastrøyr (venekanyle) lagt inn i ei blodåre på armen og eventuelt intravenøs væske. Deretter vaskar anestesilegen området sterilt og set bedøvingsmiddelet rundt den nerven ein ønskjer å bedøve. Nerveblokadar blir utførte av anestesilegar og det krev god kunnskap om anatomi.
I mange tilfelle blir det nytta ultralyd for å lokalisere nervestrukturane. I andre tilfelle kan ein bruke såkalla nervestimulator. Det vil seie at ein elektrisk impuls blir send gjennom den same nåla ein bruker til å injisere bedøvingsmiddelet. Når pasienten kjenner «tingling» eller det kjem ei lita muskelsamantrekking veit ein at nåla er riktig plassert.
I nokre tilfelle legg ein igjen eit tynt kateter (ein tynn slange som kjem ut gjennom huda og blir kopla til ei sprøytepumpe) for at ein kan fylle på med meir bedøvingsmiddel etter kvart. I slike tilfelle kan ein oppnå bedøving (smertelindring) i det opererte området over fleire dagar.
Nerveblokadar tek 10-40 minutt å utføre, alt etter kva nervebanar som skal bedøvast. Når blokaden først sit, varer han i mange timar slik at ei ventetid på inntil nokre timar før operasjonen startar er derfor akseptabelt.
Etter
Som oftast blir eit langtidsvirkande bedøvingsmiddel nytta og det er ikkje uvanleg at smertelindringa varer opp mot eit halvt døgn eller meir. Skulle ein etter ei slik bedøving oppleve at innstikkstaden blir raudt og hovent, og/eller at ein får feber og generell sjukdomskjensle, må ein ta kontakt med lege.
Det er uvanleg at ein får infeksjon forårsaka av ein nerveblokade, men det kan skje.
Mer informasjon
Anestesipersonell ved SUS har utarbeidet et hefte med informasjon om perifere nerveblokader: Blokade-informasjon til pasienter.pdf
Kontakt
A-bygget Ullandhaug
Anestesiavdelingen
Oppmøtested
Anestesiavdelingen holder til på Ullandhaug i A-bygget, 2. etasje.


