Bakgrunnen for vedtaket er at Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har stilt spørsmål ved organiseringa av vaksenpsykiatrien i Helse Stavanger og bede Helse Vest om å gi ei ny vurdering særleg knytt til lokalisering og fagleg innhald i dei distriktspsykiatriske sentra (dps).
Den føreslåtte organiseringa inneber at ein får seks distriktspsykiatriske senter (dps) i Sør-Rogaland: Dalane DPS, Jæren DPS, Sandnes DPS, Hafrsfjord DPS, Stavanger DPS og Ryfylke DPS.
Det blir oppretta eit nytt senter slik at bydelane i Stavanger kommune blir delte på to dps, Hafrsfjord DPS og Stavanger DPS. Det blir òg gjort endringar i opptaksområda. Fordi Hafrsfjord DPS og Stavanger DPS må etablerast i nye lokale vil den endelege DPS-strukturen ikkje vere på plass før i 2006.
Med omorganiseringa blir DPS-a organiserte som sjølvstendige einingar og oppgåvefordelinga blir meir i tråd opptrappingsplanen for psykiatri. Sjukehustilbodet blir spesialisert og dps-a tar ansvar for dei allmennpsykiatriske oppgåvene.
Det skal ikkje etablerast egne einingar for personar som blir dømde til psykiatrisk behandling. Desse skal få tilbod i dei spesialiserte postane på sjukehuset.
Alle i styret stilte seg bak forslaget til ny organisering. Det blei understreka at:
- det må leggjast vekt på å utvikle det polikliniske og ambulante tilbodet
- det vil bli søkt om tilskot over opptrappingsplanen til bygging av nytt distriktspsykiatrisk senter i Stavanger
- sjukehustilbodet skal spesialiserast, og ny postinndeling skal vere klar innan 1. september 2005
- omlegginga må skje innan den ressursramma Helse Stavanger disponerer til psykisk helsevern samt nye ressursar i opptrappingsplanen og som følgje av omprioritering i eiga ramme