Budsjetta for sjukehusa vedtatt

Styret i Helse Vest har vedtatt budsjetta for 2005 for helseføretaka i regionen.

Pressemelding Helse Vest
Publisert: 04.02.2005 01:45
Sist oppdatert: 04.02.2005 01:48

Helse Vest har eit budsjett på 11,7 milliardar kroner for i år. Styret i Helse Vest har i fordelt midla slik (tal i milliardar kroner) :


Helse Stavanger   Helse Fonna    Helse Bergen    Helse Førde   Helse Vest RHF 
 2,5  1,4  4,2  1,2  2,4

 


Helse Vest RHF betaler i tillegg ut driftstilskot til private spesialistar, sjukehus og institusjonar, som leverer helsetenester gjennom avtaler med Helse Vest. Tilskotet til helseføretaket Apoteka Vest ligg også inne her.


Styret ser ei positiv utvikling i føretaksgruppa, trass i den krevjande økonomiske situasjonen. Styret er tilfreds med at helseføretaka viser stor grad av budsjettdisiplin og at ein har greidd å få styring og kontroll over økonomien.

- Samstundes behandlar sjukehusa fleire pasientar enn nokon gong før, seier styreleiar i Helse Vest, Mai Vik.

Ho understrekar at heile regionen har ein svært krevjande økonomi.

- Styret i regionen har i dag sagt ja til at Helse Førde, Helse Bergen og Helse Fonna får eit år ekstra på å gå i balanse, seier Vik.


Styret vedtok derfor eit budsjett for 2005 som inneber eit underskot på 186 millionar kroner. Fordelinga ser slik ut (tal i millionar kroner):

Helse Stavanger  Helse Fonna  Helse Bergen  Helse Førde   Apoteka Vest 
 0  - 20  - 130  - 36  0


Styret legg to føringar: Føretaksgruppa skal vere i balanse i 2006. I tillegg skal akutt- og fødetilboda i regionen oppretthaldast på dagens nivå.