Betre tilbod til ekstremt overvektige

Helse Vest utvidar tilbodet til ekstremt overvektige og inngår avtale med Ebeltoft kurcenter i Danmark om eit behandlingsopplegg rundt livsstil til denne pasientgruppa.


Publisert: 25.10.2004 09:27
Sist oppdatert: 25.10.2004 09:24

- Overvekt er ein stor risikofaktor for ei rekkje sjukdommar og plager og mange har etterlyst eit betre behandlingstilbod i den offentlege helsetenesta. Derfor vil Helse Vest, som første helseregion, tilby eit heilskapleg behandlingsopplegg til sterkt overvektige. Frå før har vi eit kirurgisk tilbod ved sentralsjukehuset i Førde, seier viseadministrerande direktør Helge Bryne i Helse Vest.

Pilotprosjekt
Det nye behandlingsopplegget er eit pilotprosjekt som startar opp allereie i januar og skal gå ut 2005. Pasientar som får godkjent søknad om behandling skal tilbringe 16 veker ved Ebeltoft kurcenter der dei vil få rettleiing i kosthald, ernæring og fysisk aktivitet. Behandlinga tar utgangspunkt i samspelet mellom kost, mosjon, psykologi og motivasjon. Deretter skal pasientane vere åtte veker heime før eit avsluttande opphald på Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter i Fjaler, Sogn og Fjordane. Her vil òg fagpersonar frå Ebeltoft vere til stades. Det er òg lagt vidare planar for oppfølging etter avslutta opphald ved Haugland rehabiliteringssenter.

Signerte avtale
Helse Vest og Ebeltoft kurcenter signerte i dag ei samarbeidsavtale.

- Vi har evaluert behandlingsopplegget ved Ebeltoft og vurderer dette som det beste tilbodet i sitt slag i Norden, seier Helge Bryne.

Kven kan søkje?
Overvektige som ønskjer å nytte det nye behandlingstilbodet må søkje gjennom fastlegen sin. Eit fagteam leidd av Helse Førde vurderer søknadene. Det finst ei rekkje kriterium som må vere innfridd for å få behandling. Søkjaren må blant anna ha ein BMI (body mass index) på over 40 og vere mellom 18 og 60 år. Behandlingsopplegget er i utgangspunktet eit tilbod til rundt 50 kandidatar i Helseregion Vest.