Klage 

 

Dersom du meiner at pasientrettane dine ikkje er oppfylde, vil sjukehuset oppfordre til at dette vert teke opp med den aktuelle avdelinga straks, slik at dei kan vurdere om dei må gjere noko annleis.

Dersom du ikkje er nøgd med avdelinga si behandling av klagen, kan du klage til Helsetilsynet i fylket du bur i. Klagen må vere skriftleg og må sendast innan tre veker etter sjukehuset si avgjerd i saka.
Dersom du ønskjer det, kan Helsetilsynet i ettertid også undersøkje om behandlinga har vore i samsvar med lova.

Pasient- og brukarombod
Pasient- og brukarombodet kan gi meir informasjon om pasientrettar og/eller hjelpe pasientar ved eventuell klage på helsetenesta eller søknad om erstatning frå Norsk Pasientskadeerstatning (NPE). Hjelp frå Pasient- og brukarombodet er gratis.

Pasient- og brukaromboda har felles heimeside på http://www.pasientombudet.no/.



Publisert 24.05.2010 19:48 | Endret 28.11.2011 12:43 
Stavanger Universitetssjukehus - Helse Stavanger HF | Gerd-Ragna Bloch Thorsens gate 8, 4011 Stavanger
Postadresse: Postboks 8100, 4068 Stavanger, Norge | Sentralbord: 0 51 51. Fra utlandet: +47 51 51 80 52
Org. nr: 983 974 678 | Send e-post | Nettstedskart | Personvern
Ansvarlig redaktør: Gottfred Tunge | Webredaktør: Lars Rasdal | Kontakt kommunikasjonsavdelingen