Brukermedvirkning 

Helse Stavanger HF ønskjer å involvere brukarane og gi dei moglegheit til å delta i utforminga av tenestetilbodet. Dialog og samhandling med representantar for brukarane er særs viktig for utvikling av tenestene.

Brukerutvalet er pasientane sitt rådgivande organ ovanfor Helse Stavanger HF. Hensikta med utvalet er å sikre at pasientane kjem til orde i saker som påverkar helsetenestene, samtidig som helseforetaket får viktige innspel frå brukarane av tenestene. Det er etablert brukarutval i alle helseføretaka i Helse Vest.

Det er viktig at pasientane kan delta aktivt i eigen behandling og rehabilitering, og det føreset blant anna forståeleg og tilgjengeleg informasjon.

I tillegg til resultata frå ulike pasienterfaringsundersøkingar er samarbeid mellom brukarorganisasjonar og det regionale helseføretaket avgjerande for å vidareutvikle helsetenestene i regionen. Helse Vest RHF samarbeider med brukar- og pasientorganisasjonane gjennom det regionale brukarutvalet. Dette er eit rådgivande organ for Helse Vest RHF og eit samarbeidsforum mellom Helse Vest og brukarorganisasjonane.

Helse Vest støtter brukarorganisasjonane
Som ansvarleg instans for spesialisthelsetenesta i Helse Vest RHF, gir Helse Vest RHF kvart år støtte til brukarorganisasjonar.

Brukarorganisasjonane driv eit viktig arbeid overfor medlemmene sine, og set i verk tiltak for medlemmene som kanskje elles ikkje ville bli utført. Dei driv òg eit viktig helseopplysingsarbeid for innbyggjarane. Helse Vest RHF tildeler kvart år midlar til brukarorganisasjonar.

 Relatert innhold

Stavanger Universitetssjukehus - Helse Stavanger HF | Gerd-Ragna Bloch Thorsens gate 8, 4011 Stavanger
Postadresse: Postboks 8100, 4068 Stavanger, Norge | Sentralbord: 0 51 51. Fra utlandet: +47 51 51 80 52
Org. nr: 983 974 678 | Send e-post | Nettstedskart | Personvern
Ansvarlig redaktør: Gottfred Tunge | Webredaktør: Lars Rasdal | Kontakt kommunikasjonsavdelingen