Tilrettelegging ift mangfald og policy:
Dei tilsette er den viktigaste ressursen til Helse Stavanger HF. Foretaket arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka og vil leggje til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.
Helse Stavanger HF skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert samansetnad når det gjeld kjønn og alder, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.
I forhold til kriterium ved tilsetjing blir det stilt dei same krav til utanlandske borgarar som nordmenn. Blant anna:
• Du må kunne kommunisere på norsk skriftlig og munnleg.
• Du må framvise autorisasjon der kor dette er eit krav.
• Politiattest til stillingar kor dette er påkravd, for eksempel i arbeid med barn og psykisk utviklingshemma.
• Rett dokumentasjon på vaksinasjon.