Rapporter 

 Tilsynsrapporter

Ein tilsynsrapport er ei tilbakemelding til Helse Stavanger frå Helsetilsynet i Rogaland eller Fylkesmannen som gjeld resultat av gjennomført tilsyn. Rapporten påpeikar eventuelle brot på lov eller føreskrift (avvik). Også andre område der tilsynsmyndigheita meiner det er eit forbetringspotensiale (merknad), blir påpeikte. Påpeikte avvik blir som regel raskt lukka. Eldre tilsynsrapportar vil derfor ofte ikkje gi eit riktig bilde av situasjon slik han er i dag.

Helsetilsynet si oppgåve
Helsetilsynet skal ha oversikt over sosiale forhold, befolkninga sin helsetilstand og behovet for tenester, følge med på korleis tenestene og personellet utøver si verksemd og gripe inn overfor verksemder og helsepersonell som utøver verksemda i strid med lovgivinga.
Tilsyn og rådgiving basert på erfaringar frå tilsyn skal medverke til at:

  • Befolkninga sine behov for sosiale tenester og helsetenester blir teke hand om
  • Tenestene blir drive på ein fagleg forsvarleg måte
  • Svikt i tenesteytinga blir førebygd
  • Ressursane blir brukte på ein forsvarleg og effektiv måte.

 Meir informasjon

Stavanger Universitetssjukehus - Helse Stavanger HF | Gerd-Ragna Bloch Thorsens gate 8, 4011 Stavanger
Postadresse: Postboks 8100, 4068 Stavanger, Norge | Sentralbord: 0 51 51. Fra utlandet: +47 51 51 80 52
Org. nr: 983 974 678 | Send e-post | Nettstedskart | Personvern
Ansvarlig redaktør: Gottfred Tunge | Webredaktør: Lars Rasdal | Kontakt kommunikasjonsavdelingen